Tre frågor till ...
Torunn Reksten, projektledare för norska Språkrådets arbete med att införa den nya språklagen:

Foto: Jo André Fiksdal.
Berätta, vad innehåller den nya norska språklagen?
Språklova reflekterer heile den omfattande og ambisiøse språkpolitikken i Noreg. Lova skal sikre vern og status for alle språka staten har ansvar for: bokmål, nynorsk, samisk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Lova set språkbrukarane i sentrum, og ho gjer det klart at språklege rettar og demokrati heng saman.
Vad säger lagen om klarspråk?
Lova seier: «Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.»
Paragrafen dekker alle typar kommunikasjon frå det offentlege, og dermed blir alle innbyggarar i Noreg berørte av paragrafen.
Kommer det att bli begripligare språk i Norge nu?
Vi kan ikkje sette i verk sanksjonar mot offentlege verksemder som skriv uklart, men erfaringar frå andre land viser at det likevel er viktig at plikta til å skrive klart blir lovfesta.
Dei fleste offentlege verksemder følger pålegga dei får. Det er også grunn til å tru at dei vil skrive klarare i framtida fordi klarspråk faktisk verkar! Mange har forstått at det løner seg å investere i klart språk, og at klarspråksarbeid kan bidra til å nå andre mål i verksemda. Dermed har dei eigeninteresse av å etterleve lova.